Brito-utsalet med pølser, spekemat, syltetøy og honning møter du ganske ofte viss du reiser rundt på Nord-vestlandet. Det vere seg i Førde, Sogndal, Nordfjordeid, Volda eller på messer og slikt. Men få visste at fritidsinteressa til Odd Birger Jensen først og fremst er å stikke til fjells.

- Når eg er i Sunnfjord, så nyttar eg ofte høve til å ta meg ein fjelltur. Først og fremst Hafstadfjellet, Viefjellet eller den nydelege toppen Førdsnipa, fortel Jensen og ramsar opp ei rad med sunnfjordfjell han har teke turen til.

Mange toppar

Sjå berre på denne lista til Jensen: Fauskevarden, Skinnbroka, Halbrendsnipa, Krunene, Ørnefjellet, Storehesten, Lisjehesten, Blåane, Solheimsfjellet, Fureviksnipa, Klumpen, Steinheia, Eikåsnipa, Rimmane og sjølvsagt kveldsturar på Brandsøyåsen i Florø.

- Når eg er på jobb, så står eg mykje i ro. Så det å komme seg ut på kveldstid, er berre fantastisk. Det vere seg korte eller lange turar. Då får du overskot og dessutan år du tid til å både sove og å ete, ler han hjarteleg i kjent stil.

Unik natur

Han er samstundes raskt framme med å framheve naturen i Sunnfjord som unik.

- Dei fleste fjella her kan du gå på frå fleire sider, og det er overraskande lite folk på tur midt i veka. Her kan eg finne den roen eg treng, og eg kan nyte naturens eigne lyder. Eg kan telje ryper, eg kan sjå ein hare eller eg kan plukke bær. Molta må plukkast til rett tid, eg kan putte kreklingen rett i munnen, medan eg kan følgje blåbæra si modning oppover fjellsida. Dette skaparverket er heilt vidunderleg, fortel Odd Birger Jensen og oppfordrar andre til å søke ut etter jobben.

Treffe han?

- Sjølvsagt vil eg at så mange som mogleg skal stikke innom Brito-utsalet i sentrum, men vel så viktig er det at du er fysisk aktiv. Då spelar det inga rolla om det er i Romsdalen, Sunnmøre, Nordfjord, Sogn eller her i Sunnfjord. Slike turar gjev deg det overskotet du treng for å komme gjennom dagen. Så god tur, helsar Odd Birger Jensen.

Så neste gong er det kanskje på fjelltur du treff han?

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Du treff han på Alti Førde desse dagane:

Mars: 18-19

April: 17-18

Mai: 23-24

Juni: 12

Juli: 2-3

August: 12-13 og 26

Oktober: 7-8

November: 7-8 og 21-22

Desember: 9-10

Alti Førde Brito Utsalg