Hos Alti Nordfjord har vi 3 ladepunkt.

AN1 og AN4 er AC ladarar på 22kW.

AN2 er ein 50kW ladar, som kan kun lade ein bil om gongen.

AN5 er ein 180kW ladar, og kan lade to bilar på 90kW kvar om gongen (180kW om ein bil ladar)

AN3 er ein 360kW ladar, der to bilar kan lade på 180kW kvar om gongen (hurtigladar) (360kW om ein bil ladar).

Aller bilar må ha varmt batteri (minst 35 gradar) om dei skal kunne lade med dei effektane som er oppgitt frå bilfabrikantane.

Det er også ein max, dvs. dei fleste bilar ladar med max effekt berre ei stund, gjerne når batteriet er på 5-25%. Ved høgare % går det saktare, så vi anbefalar å stoppe ladinga når ein er kommet til ca 80%, men treng ein 100% er dette greit.

Generell informasjon om ladare frå Eviny

For deg som skal være innom senteret ei kort stund, for eksempel for å gjere unna daglegvarehandelen eller tak ein kopp kaffi, får best utbytte av våre hurtigladarar. Her vil lading i 5-10 min gi ca. 100 km rekkevidde, mens lading på 20-30 min vil gi ein rekkevidde på ca. 300 km.

Har du derimot planar om å være inne på senteret ein lengre periode, for å sjå deg rundt på dei ulike butikkane eller ete ein bedre middag, anbefalar vi å benytte deg av normalladarar. Her vil 2-3 timar lading gi ca. 100-150 km rekkevidde, mens lading i 6-8 timar vil gi eit fullada batteri hos dei nyaste elbilane.

Alle elbiler, inkludert Tesla Model 3 og Model Y, kan lade hos Alti. Mange av våre sentre kan også by på Chademo- standarden, som gjer det mogleg for dei med Nissan Leaf å lade.

Kart over landets ladestasjonar levert av Eviny

 

Fakta

- Lynladarar kan gi ein ladehastighet opp mot 200 kWh, men få bilar klarar endå å ta imot denne hastigheita – dei fleste nye bilar klarar maksimalt 90 – 150 kW per no. - Utgangspunktet er ein «gjennomsnittleg bil» med ein batteristorleik på 60 kWh, og ein snitt ladehastigheit på 100 kW (mange elbilar ligg i dag på dette nivået; VW ID 3, VW ID 4, Skoda Enyak o.l. Det vil være variasjonar også mellom desse varianartane). - Ladehastigheit og rekkevidde vil variere mellom somar og vinter.

- Forbruk: 1,5 – 2,0 kWh per mil. - Normallading avhengar av bilens ombordladar, som oftast er på 11 kW. - På 3 timar vil bilen da få 33 kWh, som bør gi ein rekkevidde på minst 150 km. - Prognosar tilseier at i 2030 vil det være fleire elbilar enn diesel- og bensinbilar i trafikken i Noreg. - Vi anbefalar appen Bilkraft (finns både i App Store og Google Play). Denne appen har gode tilbakemeldingar frå forbrukarar. Appen inneheld det største, landsdekkande nettverket av lynladarar.