Som du vil

- Meir sentralt enn dette er det vel ikkje mogleg å komme. Her har du alt i gangavstand. Butikkar, treningssenter, eteplassar. Alt du treng i det daglege, seier Merete Haugen og viser fram det 1100 kvadratmeter store kontorlokalet.
- I utgangspunktet vil vi helst ha ein større leigetakar her på femte plan i Nynorskhuset. Men vi er sjølvsagt opne for alle løysingar, fortel ho og viser til at det vil vere mogleg å innreie lokala akkurat slik leigetakarane ønsker.
- No har vi berre eit stort areal på toppen av Nynorskhuset som vi gjerne vil leige ut. Her kan du som leigetakar vere med på å forme ditt areal ut frå ditt eige behov, seier ho og viser til at trioen NRK Vestland, Teater Vestland og Mediehuset Firda vil halde til i etasjane under.

Midt i smørauget

- Dette kjem til å vere eit pulserande og aktivt miljø, og det er vel ikkje mogleg å vere meir midt i smørauget i Førde enn akkurat her, seier den nye eigedomssjefen for ALTI Førde, som på si side er ansvarleg på driftssida av Nynorskhuset.
- Det vil vere ei gangbru mellom handelsarealet og Nynorskhuset, og det er mange inn- og utgangar i denne bygningsmassen. På det første plan i Nynorskhuset vil det også komme ein restaurant like ved inngangspartiet. Ein plass som vi trur vil bli veldig populær, seier Haugen.

Snarleg ferdig

Arbeidet på Nynorshuset går for fullt, og mesteparten vil vere ferdigstilt før sommaren. Formell opningsdato blir tidleg i september.
- Så viss nokon har lyst til å etablere seg her, og gje sine tilsette desse fantastiske lokala, så er det berre å ta kontakt med meg på denne mailen: merete.haugen@alti.no
I tillegg til dette kontorarealet på toppen av Førde, så er Merete Haugen interessert i leigetakarar for to mindre butikklokale i nordbygget på Alti Førde.
- Finst det nokon lokalt som har ein gründer i magen, og har lyst til å vurdere å starte opp butikk, så er det også berre å ta kontakt. I desse tilfella dreier det seg om omtrent 100 kvadratmeter på første plan i nordbygget, seier Merete Haugen og speidar ut i morgonsola og den fantastiske utsikta det er på Førde sitt tak.
 
 
Tekst og foto: Stig Roger Eide
 
 
Finn-annonse:

Eit nytt kontorfellesskap for vekst i Førde

Merete_Nynorskhuset

Eigedomssjef Merete Haugen

Nynorskhuset_utsikt1

Meir utsikt!

Nynorskhuset_utsikt2

Flott utsikt frå Nynorskhuset!

Nynorskhuset Førde

Nynorskhuset, Førde