Tekst og foto: Stig Roger Eide

- Eg har levd godt med at dette namnet har blitt brukt. Namnet «Skywalken» var ikkje min idé då ho kom, og har kanskje blitt innarbeidd. Men det er ei tid for alt. Og i samband med at Nynorskhuset blir offisielt opna helga 28. til 30. september, så vil vi på ALTI Førde symbolisere det med å gi brua namnet «Storebrua», seier Ida Berqvam.

Snart 40 år sidan

Så langt tilbake som 1985 kjøpte Ida Berqvam opp det gamle slaktehuset saman med Norvald Årdal, og etablerte fylkets første, og største, handelshus.

- Denne gangbrua har blitt kalla «Skywalken» frå dag 1, men no håpar eg at folk vil endre namnet til «Storebrua». Det er meir i takt med tida, og dessutan heiter området her Storehagen. Når vi dessutan ferdigstiller Nynorskhuset om nokre dagar, så er det ein flott gest at vi endrar namnet til «Storebrua», seier Ida Berqvam medan ho symbolsk klipper over snora med Nynorskhuset som bakgrunn.

Snart kjem Myldre

- Det er ALTI Førde som skal drifte Nynorskhuset, og det er trioen Handelshuset AS, Firda Billag AS og Åsen & Øvrelid AS som står som eigarar av bygget. Vi er svært takknemlege for at vi har fått på plass tre solide leigetakarar og har fylt opp fire etasjar. Når det gjeld femte etasje jobbar vi kontinuerleg med å få ting på plass, smiler Ida Berqvam som saman med senterleiar på ALTI Førde, Rolf Arne Rognaldsen, foretok den symbolske opninga av «Storebrua».

På bildet ser vi dessutan marknadskonsulent ved Alti Førde, Kathrin Stokke (t.v.), og styreleiar i Alti Førde, Inge Berqvam.

Alti Førde Storebrua Åpning